29. juni: Den austerriksk-ungarske legasjonssekretæren i Beograd sende ei melding til Wien om mogleg serbisk innblanding i drapa i Sarajevo. Antiserbiske opptøyar braut ut i heile Bosnia.
5. juli: Eit rådsmøte i Potsdam mellom austerriksk-ungarske og tyske leiarar diskuterte mogleg krig mot Serbia, Russland og Frankike.
23. juli: Julikrisa. Austerrike-Ungarn stilte Serbia eit ultimatum som kravde at landet skulle forhindra anti-austerriksk propaganda og aktivisme og fjerna involverte i Sarajevo-attentatet frå statleg teneste.
25. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn hevda å ikkje ha fått eit tilfredsstillande svar på ultimatumet til Serbia, og byrja mobilisera.
4. august: Første verdskrigen. Tyskland invaderte Belgia. Storbritannia erklærte krig mot Tyskland for å ha brote nøytraliteten til Belgia.[3] Dette hadde konsekvensar for dei britiske og tyske koloniane i resten av verda.