Paul Heyse
Paul Johann Ludwig von Heyse (fødd 15. mars 1830 i Berlin, Tyskland, død 2. april 1914 i München) var ein tysk forfattar som i 1910 fekk Nobelprisen i litteratur «såsom hyllningsgärd åt den fulländade och av ideal uppfattning präglade konstnärlighet han ådalagt under en lång och betydande verksamhet såsom lyriker, dramaturg, romanförfattare och diktare av världsberömda noveller».[1][2] VirkeHeyse skreiv i alt 177 noveller, romanar, dikt og om lag 60 skodespel. Dei mest kjende romanane er Kinder der Welt, Im Paradiese og Merlin. For den tyske borgarskapen var han ein garantist for ein formfullendt poesi som følgde dei klassiske idealane til den «store» Goethe og bevarte den for samtida. Heyse heldt strengt på den klassiske stilen og polemiserte mot naturalismen sjølv før den var komen til Tyskland. «I et kvart hundre år var han publikums yndling, den uutømmelige virtuos... Han ville hverken preke politikk eller moralisere, men skildret en verden uten grimhet, en sensualitet uten lidenskap, en melankoli uten tragikk, et helt univers innepakket i vatt, trygget mot historines problemer og tumulter», meiner Verdens litteraturhistorie, bind 9.[3] Norske omsetjingar
Referansar
Bakgrunnsstoff
Tekstar av Paul Heyse
|