Antwerpen
Antwerpen er ein kommune og by i den belgiske provinsen Antwerpen. Antwerpen har lenge vore ein viktig belgisk by både økonomisk og kulturelt. Han ligg på høgre sida av elva Schelde, som går til Nordsjøen via Westerschelde. Hamna i Antwerpen er ei av dei største i verda, og i Europa er berre hamna i Rotterdam større. Antwerpen er eit av sentruma i diamantindustriem i verda. Antwerpen har fått namnet «vestens Jerusalem» på grunn av den store minoriteten av ortodokse jødar i byen. I 1920 var byen vert for sommar-OL. Under Den andre verdskrigen vart Antwerpen frigjort 8. september 1944 av den britiske 11th Armoured division. Etter frigjeringa prøvde tyske styrkar å øydeleggje hamna med V-2 rakettar. HistorieUtdjupande artikkel for dette emnet er Historia til Antwerpen. Kjende personar frå Antwerpen
KjelderBakgrunnsstoff |