Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Tampico

22°15′12.647″N 97°52′13.192″W / 22.25351306°N 97.87033111°W / 22.25351306; -97.87033111

Tampico
Land  Mexico
Stat Tamaulipas
Høgd 10 m
Areal 92,73 km²
Folketal 297,284  (2010)
Folketettleik 4 338 / km²
Grunnlagd 13. april 1823
Tidssone Central Standard Time (UTC-6)
 •  Sommartid Central Daylight Time (UTC-5)
Kart
Tampico
22°15′19″N 97°52′07″W / 22.255277777778°N 97.868611111111°W / 22.255277777778; -97.868611111111
Tampico i Tamaulipas
Tampico i Tamaulipas
Tampico i Tamaulipas
Tamaulipas i Mexico
Tamaulipas i Mexico
Tamaulipas i Mexico
Wikimedia Commons: Tampico
Nettstad: www.tampico.gob.mx

Tampico er ein by ved Mexicogolfen som ligg sør i den meksikanske delstaten Tamaulipas, ved grensa til Veracruz. Tampico er ein viktig hamneby og jernbaneendepunkt. Byen ligg sentralt i eit område med rike oljefelt, og var lenge rekna som verdas største oljehamn.

Ved folketeljinga i 2010 hadde Tampico 297 284 innbyggjarar.[1] Dette utgjer rundt 10 % av alle innbyggjarane i delstaten.

Økonomisk er petroleumsraffinering, kjemisk industri, treindustri, skipsverft og fiske- og fiskeforedlingsindustri viktige næringar. Byen er også ein turiststad, og det er mellom anna mogleg å driva med jakt og fiske her.

Historie

Litografi av Tampico frå 1836.

Dagens by blei grunnlagd 13. april 1823. Det hadde då allereie vore europeiske koloniar her, som ein misjon skipa i 1832 og ei busetjing kalla San Luis de Tampico frå 1554. Ho blei forlaten i 1684 etter fleire sjørøvaråtak. Pánucoelva som byen ligg ved hadde vore folkesett i lang tid før dette, hovudsakleg av huastecfolk.

I august 1829 blei Tampico invadert av spanske troppar frå Cuba, som eit siste forsøk på å hindra meksikansk sjølvstende. I september tok meksikanske styrkar under general Santa Ana tilbake byen.

9. april 1914 oppstod ei usemje i Tampico mellom meksiskanske soldatar og amerikanske marinesoldatar frå USS «Dolphin». Dette førte til Tampico-affæren, med kamphandlingar og brot på diplomatisk samband mellom USA og Mexico, og ein amerikansk okkupasjon av Veracruz som varte i eit halvt år.

Universitetet i Tampico blei grunnlagd i 1972.

Kjelder

  1. INEGI Consulta de Resultados del Conteo 2010
  • «Tampico» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. juni 2014.

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya