RMS «Aquitania»
RMS «Aquitania» var eit linjeskip som tilhøyrde Cunard Line og verka frå 1914 til 1950. Skipet blei utforma av Leonard Peskett og bygd av John Brown & Company i Clydebank i Skottland. Skipet overlevde to verdskrigar, der det blei brukt til militære føremål, og tente som passasjerskip i fredstid. Det var det tredje av ein «grand trio» raske linjeskip saman med RMS «Mauretania» og RMS «Lusitania», og var kjend som eit særs vakkert skip i samtida, med kallenamnet «Ship Beautiful».[3] Brukstida på 36 år var ein rekord for eit ekspresslinjeskip som først blei slått i 2004 då RMS «Queen Elizabeth 2» (som til saman tente i 40 år) fekk ei lengre brukstid. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|