LegasjonLegasjon (via fransk, frå latin legatus, 'send, utnemnd') er ein diplomatisk stasjon i ein stat der representanten for ein framand stat, ein minister, har rang under ambassadør. Andre funksjonærar ved legasjonar kan vera legasjonsråd, med rang under etter ministeren, og legasjonssekretær, med rang under legasjonsråden. I dag er legasjonar stort sett avløyst av ambassadar. HistorieVed Wien-kongressen i 1814-15 blei det fastlagd eit diplomatisk system med fire rangklassar av diplomatiske sendebod. Etablerte stormakter utveksla ambassadørar, medan andre land utveksla ministrar seg imellom og med stormaktene. Eit land som USA var ikkje rekna som ei stormakt på byrjinga av 1800-talet, og hadde fram til 1893 ingen ambassadar, berre legasjonar. Legasjonar gjekk gradvis ut av bruk. Ein oppdatert Wien-konvensjon om diplomatiske rangklassar blei teken i bruk ved SN-konferansen om diplomatisk samband og immunitet i 1961. Denne hadde tre klassar: Ambassadør, sendebod/minister og chargé d'affaires. Norske utanriksstasjonar danna etter 1905 var legasjoner som gradvis blei oppgraderte til ambassadar. I 1947 hadde Noreg 23 legasjonar og fire ambassadar i utlandet. I 1958 var det ni legasjonar og 23 ambassadar.[1] I 1967 gjekk nemninga «legasjon» heilt ut av bruk i norsk utanriksteneste. Kjelder
|