Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete
Foto: Senterpartiet
Fødd23. oktober 1958 (66 år)
Sogndal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Religionkristendom
Yrkepolitikar
Utdanna vedHøgskulen i Sogn og Fjordane
EktefelleLars Petter Nesse
Alle verv

Liv Signe Navarsete (fødd 23. oktober 1958 i Sogndal) er ein norsk Senterpartipolitikar. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå 2005 til 2009 var ho samferdsleminister.

Navarsete har vore gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget i Sogn og Fjordane, vararepresentant til Stortinget 2001–2005, og var med i distriktskommisjonen. Ho har hatt styreverv i mellom anna Gjensidige Nor Forsikring, i Vestlandsforsking og har vore sjølvstendig næringsdrivande. Navarsete er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.[1]

Ved stortingsvalet 2005 vart Navarsete vald inn på Stortinget som fast representant frå Sogn og Fjordane. 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa. Ved valet i 2009 vart ho attvald til Stortinget. Ved omrokkeringa i regjeringa etter valet vart ho utmend til kommunal- og regionalminister.

Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar i 2008 (og Lars Peder Brekk hadde fungert mellombels i vervet i nokre månader), vart Navarsete vald til leiar for Senterpartiet 12. september 2008.

Navarsete er opphavleg frå Sogndal og vart som tobarnsmor i 1992 enkje då ektemannen brått døydde grunna hjarteinfarkt. Ho har no vaksne ungar.[2] Frå år 2000 har ho budd i Lærdal, der ho vart sambuar med Lars Petter Nesse, som har vore varaordførar i Lærdal. På skotårsdagen 29. februar 2008 fridde ho til han, og 17. mai 2008 gifta dei seg i den norske sjømannskyrkja i London.

Ho har vorte tildelt Storegutprisen for god og levande nynorsk.

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9