Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner
Foto: Kjetil Ree
Fødd6. mai 1965 (59 år)
Bærum kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, handelsskulekandidat
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
FarTore Sanner
EktefelleSolveig Barstad
BarnMaria Barstad Sanner, Sigrid Barstad Sanner
VervNorsk finansminister 24. januar 2020–14. oktober 2021
FøregangarSiv Jensen
EtterfylgjarTrygve Slagsvold Vedum
VervNorsk kunnskaps- og integreringsminister 17. januar 2018– 24. januar 2020
FøregangarTorbjørn Røe Isaksen
EtterfylgjarTrine Skei Grande
VervNorsk kommunal- og moderniseringsminister 16. oktober 2013–17. januar 2018
FøregangarLiv Signe Navarsete
EtterfylgjarMonica Mæland
Verv1. nestleiar i Høgre 27. april 2008–
FøregangarPer-Kristian Foss
Verv2. nestleiar i Høgre 9. mai 2004–27. april 2008
FøregangarPer-Kristian Foss
EtterfylgjarErling Lae
Alle verv

Jan Tore Sanner (fødd 6. mai 1965) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var kommunal- og moderniseringsminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2018, og kunnskaps- og integreringsminister frå 2018 til 2020.[1] Frå 2020 til 2021 var han finansminister.

Han har vore 1. nestleiar i Høgre sidan 2008, og var 2. nestleiar frå 2004. Sanner har vore vald inn på Stortinget for Akershus fylke sidan 1993, og møtte som vararepresentant for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Sidan 2005 har han vore medlem i Stortingets valkomité og 2. nestleiar i Stortingets finanskomité. Sanner er Høgres talsmann for økonomi og næringsliv. Han var styreformann ved Henie Onstad Kunstsenter frå 2000 til 2002, og har delteke i ei rekkje offentlege utval.

Bakgrunn

Sanner vart fødd i Bærum i Akershus i 1965, som son av Tore Sanner (fødd 1935) og barnevernskonsulenten Nina Bülow-Nielsen (fødd 1937). Han var varamedlem av Bærum kommunestyre frå 1983 til 1989, og han har examen artium frå 1984, eksamen innan leiing av marknadsføring ved Handelshøyskolen BI frå 1987. Han har også eksamenar innan marknadskommunikasjon grunnfag ved Westerdals reklameskole frå 1989, og marknadsøkonomi ved Norges Markedshøyskole frå 1994.

Sanner er gift med journalisten Solveig Barstad, kjend som programleiar for TV 2 hjelper deg og God morgen, Norge!.

Sanner vart tildelt Dysleksiprisen av Telemark fylkeslag av Dysleksiforbundet i 1997.

Politisk arbeid

Han var valkampsekretær for Bærum Høgre i forkant av stortingsvalet 1985, og var formann i Bærum Unge Høgre frå 1985 til 1986. Politisk sekretær i Unge Høgre frå 1986 til 1987, og formann i Akershus Unge Høgre frå 1987 til 1988. I 1988 vart han vald til nestleiar i Unge Høgre, og var seinare leiar i to periodar frå 1990 til 1994. Medlem av sentralstyret til Høgre frå 1988 til 1994, og arbeidsutvalet frå 1990 til 1994.

Sanner var 1. vararepresentant til Stortinget frå 1989, og møtte på Stortinget for Kaci Kullmann Five frå 1989 til 1990. Han sat då i Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité. I 1993 vart han vald inn på eige mandat, og vart medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Frå 1997 til 2001 var han nestleiar i Energi- og miljøkomiteen, og medlem i Den utvida utanrikskomiteen, Finanskomiteen og Valkomiteen frå 2001 til 2005. Sidan 2005 har han vore 2. nestleiar i Finanskomiteen og medlem i Valkomiteen.

Sanner var formann i Bærum Høgre frå 1998 til 2000, og leiar i Akerhus Høgre frå 2001 til 2005. Ved landmøtet til Høgre i 2004 vart han vald til 2. nestleiar av partiet etter Per-Kristian Foss, som samtidig vart vald til 1. nestleiar. Sanner vart vald på nytt i 2006, og vart vald til 1. nestleiar etter Foss i 2008. Sanner har vore nestleiar i gruppestyret til Høgre på Stortinget sidan 2001, og leidde programkomiteen som la fram forslag til programet til Høgre under stortingsvalet for perioden 2005–2009, og var medlem i same komité for perioden 2001–2005.

Stortingskomitear

Kjelder

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 19. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9