Ola T. Lånke
Ola Torgeir Lånke (fødd 18. mars 1948) i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest. Han har graden cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1977. Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaka i fleire omgangar, opprettinga av Digitalt bakkenett for fjernsyn og utflytting av statlege tilsyn mfl. Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han var medlem av Trondheim bystyre 1991–1993 (varamedlem 1987–1991). Frå 1975–76 var han leiar i KrFU. Han er gift med Berit Lånke, dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård. Berit Lånke har òg presteutdanning og har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar. Lånke søkte i 2010 stillinga som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men sjølv om han av nokre blei rekna som favoritt,[1] fekk han ikkje denne posten da utnemninga fann stad 10. juni 2011. Han var ordførar i Rennebu kommune frå 2011 til 2015. Stortingets presidentskap
Medlemskap i regjering
Stortingskomitéar
Kjelder |