Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Anders Anundsen

Anders Anundsen

Anders Anundsen
Foto: Bård Gudim / FrP Media
Fødd17. november 1975 (49 år)
Stavern
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Religionkristendom
Yrkepolitikar, jurist, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervNorsk justisminister 16. oktober 2013–20. desember 2016
FøregangarGrete Faremo
EtterfylgjarPer-Willy Amundsen
VervStortingsrepresentant 2005–
VervFormann i Framstegspartiets Ungdom 1996 og 1998-1999
FøregangarKlaus Jacobsen
EtterfylgjarReidar Helliesen og Bård Hoksrud
Alle verv

Anders Anundsen (fødd 17. november 1975) er ein norsk Frp-politikar frå Stavern, som frå 16. oktober 2013 til 20. desember 2016 var justisminister i regjeringa Solberg.

Liv og gjerning

Anundsen var 1996 og 1998-99 formann i Framstegspartiets Ungdom. Han arbeidde som politisk rådgjevar for Framstegspartiet si stortingsgruppe i åra 1995-1997, sekretær/konsulent for Advokat Dag W. Andressen 2000-2002 og lærarvikar 2001-2004.

Frå 2005 til 2017 representerte Anundsen valkrinsen Vestfold og Framstegspartiet på Stortinget. I den andre valperioden, 2009-13, markerte han seg ein aktiv medlem i Kontroll i konstitusjonskomitten, og tok iniativ til fleire høyringar der statsrådar måtte forsvare seg mot nærgåande kritikk.

Ved danninga av Solberg-regjeringa i oktober 2013 fekk Anundsen leiinga av Justisdepartementet. Som justisminister vart han utsett for sterk kritikk frå stortingsopposisjonen for handteringa av fleire saker. I ei sak som gjaldt utsending av såkalla asylbarn, hevda han at det var politiet som hadde gått ut over instruksane, medan Kristeleg Folkeparti og Venstre, dei to støttepartia til regjeringa, meinte han handla i strid med samarbeidsavtalen frå 2013. Seinare vart han også til lått i det politiske miljøet, då han fekk laga ein film som skulle syne alt Justisdepartementet hadde fått gjort i hans styringstid.

Våren 2015 måtte justisminister Anundsen stå til ansvar for mangelfull oppfylgjing av tryggings- og beredskapstiltak, etter at Riksrevisjonen i ein rapport peika på sterk svikt frå Justis- og beredskapsdepartementet si side. I fylgje Riksrevisjonen var det ikkje retta opp i vedvarande svak styring og samordning mellom offentlege etatar i beredskapsarbeidet. Også under den såkalla flyktningkrisa hausten 2015 måtte Anundsen tole kritikk for mangelfull leiarskap. Han vart skifta ut i desember 2016, då Per-Willy Amundsen vart ny statsråd i Justisdepartementet. Anundsen sa elles nei til å verte nominert til stortingsvalet 2017.

Anundsen tok juridisk mastergrad i 2008.

Stortingskomitear

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9