Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Rotterdam

Rotterdam
by
Erasmusbrua med sentrum av Rotterdam i bakgrunnen.
Foto: Ruud Zwart
Flagg
Våpenskjold
Motto: Sterker door strijd – «Sterkare gjennom strid»
Kallenamn: «Roffa» eller «Rotjeknor»
Land  Nederland
Provins Zuid-Holland
Del av Nederland
Areal 319,35 km²
Folketal 664 311 (1. januar 2023)
Kart
Rotterdam
51°55′N 4°29′E / 51.92°N 4.48°E / 51.92; 4.48
Kart som viser Rotterdam.
Kart som viser Rotterdam.
Kart som viser Rotterdam.
Wikimedia Commons: Rotterdam

Rotterdam er den nest største byen i Nederland etter hovudstaden Amsterdam, og den største byen i provinsen Zuid-Holland (Sør-Holland). Byen har den største hamna i Europa, og var mellom 1962 og 2004 den travlaste hamna i verda, før Shanghai tok over den rolla. Han ligg ved breidda til elva Nieuwe Maas (Nye Maas), ein av elvane i elvedeltaet danna av Rhinen og Maas. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagd ved ein demning (dam) i ei av sideelvane, Rotte. Rotterdam har om lag 665 000 innbyggjarar.

Den 14. mai 1940 vart byen bomba til ruinar av det tyske Luftwaffe.

Historie

Rotterdam (1856), av Johan Jongkind.

Rotterdam har ei soge som går tilbake til minst år 900 ved elva Rotte (eller Rotta som ho heitte den gongen). Rundt 1150 førte store flaumar til at utviklinga av området stoppa opp og at store dike og demningar vart bygd, inkludert Schielands Hoge Zeedijk langs nordsida av dagens Nieuwe Maas. Ein demning ved Rotte, kalla «Rotterdam» vart bygd i 1260-åra og ligg der Hoogstraat (Hovudgata) ligg i dag.

Den 7. juni 1340 gav grev Willem IV av Holland Rotterdam byrettar, som då hadde om lag 2000 innbyggjarar. Rund 1350 vart ein skipskanal, Rotterdamse Schie, bygd ferdig og han gav Rotterdam sjøveg til dei større byane i nord og vart eit lokalt omlastingssenter mellom Holland, England og Tyskland. Han vart på denne tida gradvis urbanisert.

Hamna i Rotterdam voks sakte, men gradvis og vart etter kvart ei viktig hamn og sete for ein av dei seks kammera til Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC), eller Det nederlandske austindiakompaniet.

Den største veksten, både for hamna og i folketalt, kom då Nieuwe Waterweg stod ferdig i 1872. Byen og hamna byrja å utvide seg på sørsida av elva. Witte Huis eller «Det kvite huset» var ein skyskrapar bygd i 1898 inspirert av dei amerikanske skyskraparane og er eit symbol på Rotterdam sin vekst og suksess. Då bygget stod ferdig var det den høgaste kontorbygningen i Europa med ei høgd på 45 meter.

Tyskland invaderte Nederland 10. mai 1940. Tyskland hadde planlagt å erobre land på ein dag, men møtte hard motstand og den nederlandske hæren kapitulerte først 14. mai etter at tyskarane bomba Rotterdam og truga med å bombe andre byar. Hjarte av byen vart nesten totalt øydelagd av tyske Luftwaffe og 800 menneske mista livet medan om la 80 000 vart heimlause. Ossip Zadkine fanga seinare hendinga med statuen Stad zonder hart («Byen utan hjarte»). Rådhuset overlevde bombinga. Tyskarane prøvde å unngå og treffe rådhuset sidan det skulle nyttast som hovudkvarter deira i Nederland under krigen. Statuen ligg no nær Leuvehaven, ikkje langt frå brua Erasmusbrug i sentrum av byen, på nordsida av elva Nieuwe Maas. Frå 1950-åra og gjennom 1970-åra vart byen bygd om. Byen var verande forholdsvis vindfull og open fram til byråda i 1980-åra utvikla ei ny utforming av byen.

Folk frå Rotterdam

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Rotterdam
Reiseguide for Rotterdam frå Wikivoyage
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9