Europaveg 16
Europaveg 16 (E 16) er ein europaveg som går mellom Londonderry i Nord-Irland i Storbritannia, over Bergen og til Gävle i Sverige, med arm frå Hønefoss til kryss med europaveg 18 i Sandvika i Bærum, der endepunktet for E 16 låg tidlegare. Vegen er kring 1180 kilometer lang, inkludert 190 kilometer i Storbritannia, 630 km i Noreg og 360 kilometer i Sverige. I Storbritannia er korkje E 16 eller andre europavegar skilta som europavegar, men etter eit nasjonalt system. Den lengste vegtunnelen i verda, Lærdalstunnelen med ei lengd på 24 509 meter, ligg på E16. Det gjer òg den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, den nest lengste i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel. Mellom Bergen og Åsane delar vegen trasé med europaveg 39 og eit lite stykke nord for Belfast med europaveg 18. Trasé fastlagt av UNECE: Londonderry - Belfast ... Glasgow - Edinburgh ... Bergen - Fagernes - Oslo. I Noreg er E16 skilta mellom Bergen og Riksåsen i Kongsvinger (inkludert arm frå Hønefoss over Sollihøgda til Bærum). Etter omskilting hausten 2012 er delar av tidlegare riksveg 35, riksveg 2 og riksveg 200 del av nye E16 til grensa.[1]
Knutepunkt
ForlengingaOppgavleg enda E 16 i Sandvika, men det vart fremja ynske for UNECE i Genève frå norsk og svensk hald om å forlenge vegen til Gävle i Sverige (via Oslo lufthamn, Gardermoen og Kongsvinger), gjennom omklassifisering av eksisterande veger (, , , . Desse strekninga vart omskilta i 2012 slik at E16 kryssar riksgrensa og endar i Gävle. Det gamle endepunktet i Sandvika er no ei arm på E16. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|