Europaveg 1Europaveg 1 er den vestlegaste europavegen i retning nord-sør og går mellom Larne i Nord-Irland og Sevilla i Andalusia, Spania. I Nord-Irland er vegen ikkje skilta som E1. Trasé fastlagd av UNECE: Larne – Belfast – Dublin – Wexford – Rosslare ... La Coruña – Pontevedra – Valença – Porto – Avegro (Albergaria) – Coimbra – Lisboa – Setúbal – Faro – Vila Real de Santa António – Huelva – Sevilla. Vegens lengde er 100 km i Nordirland, 260 km i Republikken Irland, 180 km i Galicia i Spania, 780 km i Portugal og 140 km i Andalusia i Spania, til saman 1 460 km. Mellom Rosslare og La Coruña er det ikkje noko direkte ferjesamband. Ferjesambanda Rosslare – Pembroke og Plymouth – Santander er eit alternativ. Vila Real de Santa António ligg ved Guadiana men har ikkje bru til Spania, traséen går difor om Castro Marim. Knutepunkter
Bakgrunnsstoff
|