Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Solbergfossbanen

Solbergfossbanen
Bildet er tatt ved Solbergfoss i 1920.

Foto: Anders Beer Wilse

Info
Land  Noreg
Type Jernbane
Status Nedlagt
Utgangsstasjon Askim
Endestasjon Solbergfoss
Tal på stasjonar 3
Drift
Opna 1918
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) Tidlegare NSB
Type trafikk Godstrafikk (1918–37)
Passasjertrafikk (1920–64)
Teknisk
Sporvidd 1435 mm
Lengd 7,9 km

Solbergfossbanen var ei 7,9 km lang jarnbanelinje mellom Askim på den austre av Østfoldbanen sine to linjer og Solbergfoss kraftverk. Banen stod ferdig i 1917, og vart lagd ned i 1964. Han vart bygd av Kristiania (Oslo) kommune for å frakte materialar og utstyr fram til Solbergfoss kraftverk i Glomma, som då var under oppføring (1913–1924). Banen vart nytta til godstransport i byggetida og fram til 1937. Men ifylgje konsesjonsvilkåra for banen var kraftverket pålagt å drive persontransport, og dette tok til i 1920.

Dei fyrste åra vart passasjertransporten på Solbergfossbanen avvikla med damplokomotiv og alminnelege personvogner. Men frå 1928 vart det nytta ein såkalla skjenebuss på strekninga, ei skjenegåande vogn med bensinmotor som var meir lønsam å nytte på ein slik svakt trafikkert jarnbane enn vanlege tog. Skjenebussen var bygd på den svenske verkstaden Aktiebolaget Hässleholms Werkstäder, og var i hovudsak utforma på same måten som dei fyrste skjenebussane som Noregs statsbanar skaffa seg, og likna på si tids vanlege landevegsbussar. Vogna hadde ein 66 HK Willys Knight sleidventilmotor, som er ein spesiell motortype med rørlege sylinderforingar i staden for vanlege ventilar, slik at det er portar i foringane som styrar inn- og utstrøyminga i sylindrane av brennstoff og avgass.

Skjenebussen hadde 17 sitjeplassar, og bak var det eit lite rom for gods. Men til liks med landevegsbussane, hadde skjenebussen berre førarplass i den eine enden, og måtte difor snuast på ei lita vendeskive på kvar av endestasjonane. Vogna fungerte godt på banen, vart populær og synte seg etter kvart å vere i minste laget. Difor skaffa jarnbanen seg ein litt større skjenebuss i 1938, og dei to motorvognene vart nytta vekselvis.

Det var persontrafikk på strekninga fram til nedlegginga av banen i 1964. Skjenegangen er no fjerna og traseen stort sett nytta til gang- og sykkelveg og turveg. Men vendeskiva i Askim er delvis teken vare på. Dei to skjenebussane, som vart kalla «Gamla» og «Padda», er tekne vare på av Norsk Jernbaneklubb.

Andre industribanar i Askim var Vammalinna og Kykkelsrudlinna/Schuckertlinna.

Linjekart

Teiknforklaring
7,90 km Solbergfoss kraftverk (1918)
6,00 km Tømt (1918)
4,20 km Skaarud bru
3,40 km Onstad (1918)
2,17 km Kolstad bru over Kolstadbekken og Kolstadveien (33 m)
Østfoldbanen frå Ski
0,00 km Askim (1918)
Østfoldbanen til Mysen

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9