Porsgrunn kommune
Porsgrunn kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen blei slegen i hop med dei tidlegare kommunane Brevik og Eidanger 1. januar 1964. Porsgrunn kommune grensar i nord til Skien kommune og Siljan kommune, i aust mot Larvik kommune, og i vest mot Bamble kommune. Høgaste punkt er Fjerdingen, 361 moh. Porsgrunn by er administrasjonssenteret i kommunen. Byen ligg ved utløpet av Telemarksvassdraget og er ein viktig industriby. Av næringsverksemd i Porsgrunn er det tung- og prosessindustri som skil seg ut. Norsk Hydro med Agri og Polymer-divisjonane, er Porsgrunn sin største industri-arbeidsgjevar. Yara, ein av dei største kunstgjødsel-fabrikkane i verda, er lokalisert her. Porsgrunds Porselænsfabrik, Eramet og Norcem er andre viktige industrielle aktørar i Porsgrunn. Av kulturartilskipingar kan ein mellom anna nemna Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival (PIT).[1] Namnet PorsgrunnByen skal ha fått namn etter ei grunne – eller lita øy – i Porsgrunnselva som var tilvaksen med pors (myrica gale). Øya låg litt nedanfor der Porsgrunnsbrua no ligg, ved venstre breidd (jamfør kartet til venstre), der kjøpesenteret Downtown ligg no. Namnet blir i dag uttala /²poʃgrʉn/ [²pʰɔʃkɾʉn̻]. Fram til byrjinga av 1900-talet var /²posgrʉn/ [²pʰɔskɾʉn̻] den vanlege uttalen, og pors heitte /¹post/ [¹pʰɔs̻t̻] på tradisjonelt porsgrunnsmål.[2] Venskapsbyar
PorsgrunnsdialektenTradisjonelt talemål i Porsgrunn kommune er variantar av grenlandsmålet, som utgjer ei undergruppe av dei vikværske dialektane. Folk frå Porsgrunn
Kjelder
Bibliografi
Fotnotar
Bakgrunnsstoff |