Jan Thomas Njerve
Jan Thomas Njerve (7. juni 1927–17. november 2014) var ein norsk biletkunstnar, fødd i Porsgrunn. Han er mest kjend for portrettmålarstykka sine, mellom dei tjue bilete av medlemer av kongefamilien, som bilete av kong Olav V i Oslo rådhus, i Sjømannskyrkja i København, i Balliol College i Oxford, og i Stortinget (1983); kong Harald V i Bergen Militære Samfund og dronning Sonja i Sjømilitære Samfund. Elles heng bilete av Gunnar Sønsteby i Forsvarsdepartementet og av Wenche Foss i Drammen Teater. Av andre oppdrag kan nemnast scenografi til Madame Butterfly (1963). Han har òg ein omfattende landskapskunst og var representert i Nasjonalgalleriet alt i 1960. Jan Thomas Njerve var utdanna under Jean Heiberg ved Statens Kunstakademi (1946–48). Han var gift med operasongaren Kari Frisell. |