Kasjmiri
Kasjmiri er eit språk som blir tala i Kashmir i India og Pakistan av kring 6,9 millionar menneske. Det høyrer til dei dardiske språka, men ordtilfanget har hatt sterk påverknad frå persisk. Dialektane tala av hinduar har også teke inn ord frå sanskrit. Kasjmiri er eit SVO-språk med grunnleggjande ordstilling subjekt-verbal-objekt, og har i tillegg V2-ordstilling som mellom anna også finst på norsk.[2] Dei eldste litterære tekstane på kasjmiri er frå 1300-talet.[3] Kjende diktarar på språketer Lalla eller Lal Ded, ein shivaittisk mystikar som skreiv vakh (tolinja vers) om religiøse erfaringar, Habba Khatun frå 1500-talet, Arnimal frå 1700-talet og Mahmud Gami (ca. 1765–1855).[3] Kjelder
«kashmiri» i Store norske leksikon, snl.no. Bakgrunnsstoff
Denne språkartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|