Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Ikonostas

Ikonostasis frå Bodskapskyrkja i Kreml i Moskva.

Ikonostasis, ikonostas eller ikonostase (frå gr. ikon, 'bilete' og stasis, 'å stå, tilstand') er ein biletvegg i ei ortodoks kyrkje. Denne veggen er den mest særprega og kanskje viktigaste liturgiske delen av ei ortodoks kyrkje.

Funksjon

Veggen delar kyrkjerommet i to. Bak ikonostasen er alterrommet (koret i vestleg tradisjon) der presten og diakonen gjer teneste ved alteret, og framføre ikonostasen er kyrkjeskipet der dei truande held seg. Denne inndelinga betyr også inndelinga mellom det himmelske og den jordiske verda (jf. ikonteologien), og røtene til den går tilbake til Tempelet i Jerusalem. Der skilte «forhenget» mellom det aller heilagste og det heilagste.

Utforming

Del av ein ikonostase i ei russisk-ortodoks kyrkje i Deventer i Nederland.

Sjølve ikonostasen voks fram i mange etappar, men nådde si noverande form i den ortodokse kyrkja på 1300-talet. På Balkan var ikonostasen liten og tok ikkje særleg plass, medan den i den russisk-ortodokse kyrkja vart stor og raga høgt i kyrkjerommet.

Ikonostasen er vanlegvis utforma etter eit nøye mønster. Det er som regel minst tre rader. I nedste rad er det tre dører, i midten den såkalla kongedøra. Den har gjerne bilete (ikon) av evangelistane og tidvis av nattverden, og er døra som fører til alteret. Mellom dørene er det som regel lokale motiv som får plass. Sidedørene fører til diakonikon og prothesis.

I den mellomste rada finn ein normalt den viktigaste delen av ikonostasen. Rett over kongedøra er deesisen (gr. forbedaren) med bilete av Kristus Pantokrator (gresk for 'allherskar'). Ved sida av finn vi nærmast theotokos, 'gudberaren' Maria og Johannes Døyparen. Vidare utover på begge sider er det erkeenglar, apostlar og helgenar (med martyrar, undergjerarar og kyrkjelærarar).

I øvste rada er det avbilda sener knytte til kyrkja (festdagane), den gamle pakta (Adam til Moses, profetane) og krossfestinga. Øvst tronar Den heilage treeininga.

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9