Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Kapitel i arkitektur

Klassiske kapiteltypar frå l'Encyclopédie.

Kapitel (frå latin caput, «hovud») er eit søylehovud i arkitektur. I vestleg arkitektur er kapitelet, etter romersk og gresk førebilete, elementet som ligg mellom søyleskaftet og abakus, og sameiner den runde forma til den fyrste med den kvadratiske forma til den siste. Kapitel finst både i profan og kristen vestleg arkitektur.

Egyptarane brukte også vanlegvis søyler med kapitel, men med andre former, m.a. lotuskapitel, papyruskapitel og protodorisk kapitel. Også i Midtausten var kapitel eit vanleg innslag i monumental arkitektur, m.a. i Persia. Muslimsk arkitektur utvikla kapitel med andre former, til dels inspirert av eldre typar frå Midtausten eller frå klassisk arkitektur. Også arkitekturen i India og Aust-Asia gjer bruk av kapitel som overgangsledd mellom søyler og entablement, også der med andre former enn i vestleg arkitektur.

Antikken

I den klassiske antikken opptrer tre kapiteltypar: dorisk, jonisk og korintisk.

Dorisk

Det doriske kapitelet er det eldste av dei tre. Det er høvesvis lett og massivt. I gresk arkitektur består det av ei «pute» (ekinus) med ei firkanta plate [abakus] over.

Jonisk

Det joniske kapitelet har voluttar på sidene, tenkt som endane på ein delvis opna pergamentsrull. Derfor er det retningsbestemt, slik at ein treng ein eigen variant i hjørneposisjon.

Korintisk

Det korintiske kapitelet har akantusblad og voluttar på sidene. Det blei utvikla av grekarane, men fekk den største utbreiinga si i romersk arkitektur.

Andre kapiteltypar

Romarane tilføya toskanske kapitel (ein variant av doriske) og komposittkapitel (som kombinerer element frå korintiske og joniske kapitel).

I bysantinsk arkitektur blei det korintiske kapitelet vidareutvikla til ein type blokkapitel med dekor utforma ved bruk av bor. Desse finst m.a. i Hagia Sofia i Istanbul

Antikke kapitel

Mellomalderen

Bruken av kapitel heldt fram i mellomalderen. Det kan sjå ut som om det var tre ulike retningar i bruken:

  • framhald av den klassiske tradisjonen, basert på korintiske kapitel
  • enkle kapitel med geometriske former eller planteformer
  • menneske, dyr og fantasivesen

Av dei klassiske kapitela var det særleg det korintiske og kompositt-kapitelet som blei nytta. Dei blei nytta som førebilete, forenkla eller som reine kopiar.

Mellomalderen utvikla også eigne kapiteltypar som terningkapitelet og foldekapitelet. Desse finst t.d. på Lyse kloster i Vestland fylke. Kapitel med planteformer og naturalistiske plantar er karakteristiske for gotisk arkitektur.

Kapitel med menneske, dyr og fantasivesen er utbreidde i romansk arkitektur. Det var denne kapiteltypen som særleg cisterciensarane gjorde opprør mot.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kapitel i arkitektur


Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9