Gudmund Harlem
Gudmund Harlem (24. juli 1917–22. mars 1988), fødd i Kristiania, var ein norsk lege, professor og politikar frå Arbeidarpartiet. StatsrådGudmund Harlem var statsråd og sjef for to departement:
Utdanning og karriereGudmund Harlem vart student i 1935. Studia til lege vart avbrote av krigen, og han vart cand.med. i 1946. I 1976 vart han dr.med. Han arbeidde som lege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1946-1953, og var assistentlege ved Hygienisk institutt 1946-1948. Han var deretter overlege ved Statens attføringsinstitutt i Oslo 1953-1970. Frå 1955 var han teknisk ekspert for FN si attføring til Egypt og Italia. Han var assistentlege ved Rikshospitalet 1965-1966. Han var overlege og fagleg leiar ved Statens attføringsinstitutt 1966-1970, og direktør same stad 1970-1977. Frå 1971 var han teknisk ekspert for WHO til Malta. Han var professor i arbeidslivsvitskap ved Universitetet i Trondheim/NTH 1977-1980. Deretter var han administrerande direktør for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Forskningsråd 1980-1986. Dei to siste åra før han døydde arbeidde han som allmennpraktiserande lege i Oslo, 1986-1988 VervGudmund Harlem hadde svært mange framståande tillitsverv utanom verva som statsråd. Nokre av dei viktigaste:
AnnaGudmund Harlem var far til statsminister Gro Harlem Brundtland og justisminister Hanne Harlem. Kjelder |