Store norske leksikon[1] reknar òg 9. Nome til Grenland. Andre (jamfør dansk Wikipedia[2]), reknar – truleg meir presist – berre dei delane av Nome kommune som før 1. januar 1964 utgjorde kommunen Holla, som ein del av Grenland. Atter andre reknar òg 6. Kragerø og 3. Drangedal til Grenland – jamfør Wikipedia på bokmål[3]. I samband med Grenlandssamarbeidet[4] omfattar Grenland desse seks kommunane:
Opphavleg var Grenland truleg namnet på stroka kring Norsjø i Nedre Telemark, men ikkje identisk med Grenafylke, seinare kalla Skíðusýsla eller Skienssyssel, som også omfatta kystbygdene.
Namnet Grenland, på norrøntGrenland og Grœnland, tyder 'landet til grenene'. Grener (norrøntgrœnir) er eit gamal folkenamn. På norrønt fanst adjektivetgrenskr 'som er frå Grenland', jamfør Haraldr Grenski 'Harald Grenske' (fødd mellom 952 og 957, død 995), far til Heilag-Olav. I dag heiter det helst grenlandsk.
Leden gren- finst òg i Grenmarr / Grænmarr, det norrøne namnet på Langesundsfjorden, i motsetnad til Vestmarr "strandi frå Langesundsfjorden til Agder".[5]
Det tradisjonelle norske talemålet i Grenland er grenlandsmålet. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane (dialektane i Vika), som er søraustlandske, men står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2020