Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Adolf Arctander

Adolf Arctander

Fødd23. oktober 1847
Hadsel
Død25. juli 1919
NasjonalitetNoreg
Yrkefotograf, lærar

Adolf Maurits Steenbuch Arctander (fødd 23. oktober 1847 i Hadsel i Vesterålen, død 25. juli 1919 på Vettre i Asker) var ein norsk teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar. Han var syskenbarn av statsråd Sofus Arctander (1845–1924).

Arctander vart cand.theol. ved Universitetet i Kristiania i 1872, men helsa hans gjorde til at han i staden for å praktisere teologi veksla mellom skulearbeid, hagestell og litterært arbeid gjennom livet sitt. Han gjekk også den tredelte naturkunnskapslinja, der eit av faga var botanikk.[1] I perioden 1877–1880 var han lærar ved Ullensvang folkehøiskole, frå 1887–92 styrte han Telemarks folkehøgskule og frå 1888 eit friseminar i Seljord saman med Viggo Ullmann. I 1901 starta han opp Lofotens og Vesteraalens folkehøiskole på farsgarden.

I studietida vart han inspirert av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og han vart overtydd målmann. Arctander gav ut fleire utgreiingar og meldingar om språklege, litterære og politiske emne, mellom anna i Syn og Segn. I slutten av livet sette han om Wallensteins læger, den fyrste delen av Wallenstein av Friedrich Schiller og Faust av Johann Wolfgang von Goethe. I yngre dagar hadde han prøvd å omsetje Filoktetes av Sofokles til riksmål, men fann riksmålet «ubrukande, av di [det] er rotlaus[t] baade i dansk og norsk og berre ‘dyrkar knotingi’ paa baae maali.»[1]

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 Sjølvbiografi i Ung-Norig.

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9