Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Lofoten

Lofoten
øygruppe
Land  Noreg
Fylke Nordland fylke
Kart
Lofoten
68°19′59″N 14°39′59″E / 68.333056°N 14.666389°E / 68.333056; 14.666389
Kart over Lofoten og Vesterålen i Noreg
Kart over Lofoten og Vesterålen i Noreg
Kart over Lofoten og Vesterålen i Noreg
Wikimedia Commons: Lofoten

Lofoten (lulesamisk Lufoahtta, nordsamisk Lufuohttá) er ei øygruppe i Nordland fylke, som ligg nord for polarsirkelen på 67. og 68. breiddegrad. Øygruppa strekker seg langs nordsida av Vestfjorden frå Raftsundet i nordaust, til Skomvær utfor Røst i sørvest. Dei største øyane i Lofoten er frå nordaust Austvågøy (526,7 km²), Gimsøy (46,4 km²), Vestvågøy (411,1 km²), Flakstadøya (109,8 km²) og Moskenesøya (185,9 km²). I tillegg høyrer ein del mindre, til dels tett busette øyar som Store Molla, Skrova, Henningsvær, Værøy og Røstlandet til Lofoten. Nord for Lofoten ligg øygruppa Vesterålen.

Administrativt utgjer Lofoten eit tingrettsdistrikt som omfattar kommunane Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy og Røst. Sørvestspissen av Hinnøya høyrer som del av Vågan kommune såleis administrativt til Lofoten, medan den nordaustlege delen av Austvågøy høyrer til Hadsel kommune i Vesterålen. Lofoten prosti omfattar dei nemnde kommunane unntatt Værøy og Røst. Tingrettsdistriktet har eit samla flateinnhald på 1 226 km² med over 25 000 innbyggarar.[1]

Geografi

Hamnøy i Lofoten

Lofoten er prega av eit alpint fjellandskap og lune viker der busetnaden held til. Berggrunnen her er blant den eldste i Noreg, der dei eldste bergartane er om lag to milliardar år gamle. Under istidene grov brear seg ned i berget og danna eit alpint landskap med djupe botnar skilde av skarpe kammar og spisse tindar. Høgste toppen i Lofoten er Higravstindan (1146 moh.) på Austvågøy. Også på Hinnøya og Moskenesøya finst det fjell over 1000 m. Øyane i Lofoten er skorne opp av smale fjordar og er åtskilde av til dels trange sund med strie tidvasstraumar, for eksempel Gimsøystraumen, Nappstraumen og Moskenesstraumen. Både fjordane og sunda går som regel nord–sør.

På avstand ser Lofotøyane ut som ei samanhengande fjellrekke, kalla Lofotveggen. Fjellparti, som utgjer det meste av øyane, er i større eller mindre grad omkransa av ein flat strandbrem, strandflata, og ligg det meste av busetnaden, særleg ut mot Vestfjorden. Busetnaden er stort sett samla i tettstader eller fiskevær. Eit unntak er Vestvågøy, der gode høve for jordbruk, også i de indre delane, har skapt grunnlag for ein meir spreidd busetnad. Kystklimaet i Lofoten gjer vintrane milde og somrane forholdsvis kjølige.[1]

Kommunar i Lofoten

Turisme

Sidan øyane først vart busett for omtrent 6 000 år sidan har fiske vore svært viktig, og er det framleis sjølv om turisme også har utvikla seg til ei viktig næring. Lofoten er vorte eit populært turistmål med vakker natur og fiskevær med rorbucamping, og øygruppa er vorte er eit ynda mål for cruise-båtar om sommaren. Kvart år kjem det meir enn 200 000 turistar til Lofoten.

I Lofoten finst ei rekke museum, mellom anna Lofotmuseet i Kabelvåg, Lofotakvariet og Norsk fiskeværsmuseum i Å der heile fiskeværet er bevart med komplette bygningar. På Borg i Vestvågøy ligg vikingmuseet Lofotr, ein rekonstruksjon av eit høvdingsete frå vikingtida.[1]

Samferdsel

Kommunikasjonsmessig blir Lofoten delt i to. Værøy og Røst er i hovudsak knytte til Bodø, med båt- og helikopterrute dit. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved Stamsund og Svolvær. Frå Svolvær går det bilferje over Vestfjorden til Skutvik (fylkesveg 81) med vidare samband til E6. Mot Vesterålen er det ferje frå Fiskebøl til Melbu i Hadsel (E10). Landverts blir Lofoten knytt saman av Kong Olavs veg (E10) frå Å på Moskenesøya til Fiskebøl på Austvågøy. Ein ferjefri trasé for E10 frå Fiskebøl til Gullesfjordbotn i Kvæfjord opna i 2007. Lofoten er knytt til flynettet med kortbaneflyplassar ved Svolvær, Leknes og på Røst.[1]

Ordsoge

Namnet Lofoten er forsøkt forklart på fleire måtar. Den eine er at lo skulle vere frå gamalsvensk for gaupe og opphavleg vere namnet på Vestvågøya som med ein viss fantasi kan likne på ein gaupefot. Den andre fortolkinga er lo som i slette, dvs same tyding som lo i Oslo. Namnet skulle då tyde slette ved foten (av fjellet) og kan då stamme frå Buksnesområdet. Seinare er namnet brukt på heile området.

Bildegalleri

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Lofoten». Store Norske Leksikon. Henta 28. september 2013. 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9