Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende som zuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mosambik og Eswatini.
Prosentmessig del av folkesetnaden som snakkar zulu i ulike delar av Søra-Arika.
██ 0–20%██ 20–40%██ 40–60%
██ 60–80%██ 80–100%
Grammatikk
Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.
Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Som xhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer av bantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka til khoisan- og sanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.
Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eit talespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonæren Hans Schreuder.[2] Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu frå Natal, Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren av Insila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.
c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd)
q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop»)
x: lateral (som ein smattar på hestar)
Uttalt
Eksempel (IPA)
Eksempel (skrive)
Tydig
Merknader
ǀ
[iːˈǀiːǀi]
icici
øyrering
[ǀʰ]
[úɠuˈǀʰáːza̤]
ukuchaza
å forklara/fasinera
[ᶢǀʱ]
[ísiᶢǀʱǐ̤ːno]
isigcino
ende
ᵑǀ
[iᵑǀwáːᵑǀwa]
incwancwa
syrna maismjøl
[ᵑǀʱ]
[iᵑǀʱǒ̤ːsi]
iconsi
drope
ǃ
[iːǃáːǃa]
iqaqa
ilder
[ǃʰ]
[iːǃʰúːde̤]
iqhude
hane
[ᶢǃʱ]
[umᶢǃʱi̤ɓɛ́ːlo]
uMgqibelo
laurdag
ᵑǃ
[iᵑǃɔ́ːla]
inqola
vogn
[ᵑǃʱ]
[iᵑǃʱɔ̤̌ːndo̤]
ingqondo
hjerne
ǁ
[iːǁɔ́ːǁo]
ixoxo
frosk
[ǁʰ]
[úɠuǁʰáːsa]
ukuxhasa
å støtta
[ᶢǁʱ]
[úɠuᶢǁʱɔ̤̌ːɓa]
ukugxoba
å trampa
ᵑǁ
[iᵑǁɛ́ːɓa]
inxeba
sår
[ᵑǁʱ]
[iᵑǁʱɛ̤̌ːɲe]
ingxenye
del
Språkdøme
Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.
Sawubona
Hei til éin person
Sanibonani
Hei til ei gruppe
Ngiyabonga (kakhulu)
(Tusen) takk
Hamba kahle/Sala kahle
Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle»)
Hambani kahle/Salani kahle
Ha det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk