Våler kommune i Østfold
Våler kommune er ein kommune i Østfold. Kommunen grensar til Indre Østfold i nord og aust, Moss og Vestby i vest, Sarpsborg og Råde i sør, og Skiptvet i aust. Han har tre tettstader der om lag to tredelar av innbyggjarane bur. Desse er Våk, Kirkebygda og Svinndal. Namn og kommunevåpenNamnet Våler kjem frå det norrøne ordet valir, som tyder rydning(ar). Kommunevåpenet har òg gamle røter, det var knytt til slekta Bolt som hadde eigedom i området frå 1300-talet. Våpenet er kløyvd, med ei halv lilje i sølv til høgre, og to sparrar i gult til høgre. Det blei teikna av Truls Nygaard i 1986 etter Leiv Merlie sitt føreslag. InnbyggjararFrå gammalt av har dei som har budd i Våler livnært seg ved jord- og skogbruk. Sidan 1970-talet har likevel mange funne seg arbeid i Moss, og kommunen er blitt litt som ein forstad, med mange nye byggjefelt i kort avstand til byen i vest. Gjennomsnittsalderen i kommunen er blant dei lågaste både i Østfold og resten av Noreg.[treng kjelde] GeografiVåler er prega av både flate landbruksområde og åsar med store samanhengande skogområde. Her finn ein over 200 registrerte artar av vilt, mellom anna ulv. Den såkalla Mosseflokken av desse dyra har hovudreviret sitt her. Kommunen blir gjennomskoren av fire riksvegar: 114, 115, 120 og 121. Han har ikkje kystline, men ei strandline på meir enn tjue mil mot innsjøen Vansjø. Verd å vitja
Bakgrunnsstoff |