Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

UNESCO

UNESCO


Skipa16. november 1945
MorselskapDei sameinte nasjonane
HovudkontorParis
LandFrankrike
StyreleiarAudrey Azoulay (15. november 2017)[1]
Nettstadhttps://en.unesco.org (engelsk), https://fr.unesco.org (fransk), https://es.unesco.org (spansk), https://ru.unesco.org (russisk), https://ar.unesco.org (arabisk), https://zh.unesco.org (kinesisk)
UNESCO sitt flagg.

UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

Historie

UNESCO vart stifta 16. november 1945 og konstitusjonen hans vart sett i kraft 4. november 1946 etter ratifisering av følgjande 20 land: Brasil, Canada, Kina, Tsjekkoslovakia, Danmark, Den dominikanske republikken, Egypt, Frankrike, Hellas, India, Libanon, Mexico, New Zealand, Noreg, Saudi-Arabia, Sør-Afrika, Tyrkia, Storbritannia, USA og Austerrike.

Virkefelt

UNESCO verker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.

  • 190 land har etablert nasjonale kommisjonar som inneheld representantar frå undervisning, vitskap og kultursamfunn.
  • Omtrent 100 konsultative komitear, internasjonale kommisjonar og overnasjonale kontor har blitt oppretta for utføre spesielle oppgåver eller for refleksjonsformål.
  • 6 000 UNESCO-klubbar, foreiningar eller sentre sett fram organisasjonen sine ideal og handlar på grasrotnivå.
  • 6 700 utvalde skolar hjelper unge menneske å forme haldningar av toleranse og internasjonal forståing.
  • 330 ikkje-statlege organisasjonar opprettheld «offisielle» relasjonar med UNESCO. Mange andre samarbeider på tilfeldig basis med ulike sektorar.
  • Ei gruppe på 40 kjendisar – «goodwill»-ambassadørar – har gått med på å nytte sine talent og status for å hjelpe verda å fokusere på UNESCO sitt arbeid.
  • Over 300 foretak og organisasjonar i forretningssamfunn, nye partnarar som er forbundi til måla av varig haldbar menneskeleg utvikling og sosialt ansvar, samarbeider med UNESCO over hele verda.

Verdsarv

UNESCO-konvensjonen om vern av verda si kultur- og naturarv av 1972 har som formål å sikre vern av kulturminnesmerke og naturområde som har stor betyding i verdsmålestokk.[2] 788 slike verneobjekt er hittil peika ut per juli 2004. I Noreg står Bryggen i Bergen (Tyskebryggen), Røros by, Urnes stavkyrkje, helleristingane i Alta og Vegaøyane i Nordland på lista over verdsarva.

Kjelder

  1. https://www.unesco.org/en/articles/unesco-director-general-audrey-azoulay-will-strengthen-cooperation-mexico; vitjingsdato: 27. november 2024.
  2. Centre, UNESCO World Heritage, «Convention Concerning the Protection of the World Cultural and Natural Heritage», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 24. november 2022 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9