Torbjørn Færøvik
Torbjørn Færøvik (fødd 8. juni 1948 i Leka) er ein norsk forfattar og historikar. Færøvik er utdanna cand. philol. med hovudfag i historie med ei avhandling om norsk misjon i Kina.[1] Han har arbeidd som utanriksmedarbeidar i NTB (1977-79), Arbeiderbladet (1979–91) og NRK (1991–99). Han var NRK sin verdsreportar i 1996-97.[2] Færøvik har skrive fleire bøker om og frå Asia, som Drømmen om Asia (1997), Veien til Xanadu. En reise i Marco Polos fotspor (2001), Marco Polo. Reisen til verdens ende (ungdomsbiografi 2002), Kina - En reise på Livets elv (2003) og Buddhas barn - En reise blant mennesker (2006). For bøkene sine om India og Kina vart han tildelt Brageprisen (i 1999, 2003 og 2012[3]). I 2006 fekk han Cappelenprisen for sitt samla forfattarskap.[4] Bibliografi
Referansar
|