Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Tautra kloster

Tautra kloster

Kart
Tautra kloster
63°35′03″N 10°37′19″E / 63.5841°N 10.622°E / 63.5841; 10.622

Tautra kloster, eller på latin Monasterium sanctæ Mariæ de Tuta insula i gamal tid, er ruinane av eit kloster på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Tautra er ein del av Frosta kommune.

Historie

Klosteret var eit cisterciensarkloster som vart innvigd den 25. mars 1207 av cisterciensermunkar frå Lyse kloster sør for Bergen. Til liks med andre cisterciensarkloster, var klosteret vigsla til gudsmora Maria, himmeldronninga.[1] Det slutta å vera eit sjølvstendig klostersamfunn i 1532. Klosteret vart kongen sin eigedom i samband med reformasjonen i 1537.

Ruinen av det gamle klosteret, inngangen frå vest.
Foto: Andreas F. Borchert
Klosterruinane fotograferte på 1960-talet.
«Tutterö kloster ruiner.» Illustrasjon frå boka Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen av Peter Frederik Wergmann, utgjeve 1836-1837.

Tautra kloster vart velståande, og fleire av abbedane hadde høg status. To av dei vart valde til erkebiskopar av Nidaros, men for kort tid. I fylgje Frosta i gammel og ny tid vart abbed Sigurd vald til erkebiskop etter at erkebiskop Gutorm døydde i 1224. Sigurd var uvens med kongen, og mista tittelen etter ei kort tid. Seinare, då erkebiskop Einar døydde hausten 1253, vart abbed Birger av Tautra vald til etterfylgjar. Heller ikkje han fekk kongen si velsigning, og Birger fekk aldri embetet sitt stadfesta.

I 1531 pantsette abbeden Mathias Henrikssøn (han hadde eit dårleg rykte på seg og vart seinare kalla «Gale Mathias») fire gardar til Niels Lykke, svigerson til Austrått. Etter dette vart Tautra kloster ei brikke i maktspelet mellom erkebiskop Olav Engelbrektsson og medlem av riksrådet Niels Lykke. I 1532 lét Lykke seg velja til forstandar for klosteret.

Etter ei rettssak mot Lykke i 1535 vart alt han eigde – inkludert klosteret på Tautra – tildømt erkebiskopen på vegne av den norske krona. Då Olav Engelbrektson sjølv måtte reisa frå landet i 1537, vart klosteret lagd inn under krona.

Ein veit lite om sjølve byggverket til klosteret, men i fylgje islandske nedteikningar brann bygningane i 1251. I dag er ruinane teke høvesvis godt vare på, og er eit mål for turistar frå heile verda.

Det er i dag lett tilgang til klosterruinane, med guiding, nye kulturstiar og servering på staden.

Tautra Mariakloster

For meir om dette emnet, sjå Tautra Mariakloster.

Ikkje langt frå dei gamle ruinane ligg i dag eit nytt cisterciensarkloster. Det vart grunnlagt i provisoriske bygningar i 1999. Grunnsteinen til eit nytt kloster vart så lagt ned av dronning Sonja den 8. mai 2003, og det nye klosteret vart teke i bruk i juli 2006.

Den 25. mars 2006 vart Mariaklosteret gjeve status som sjølvstendig priorat innan den katolske kyrkja.

Kjelder

  1. «CATHOLIC ENCYCLOPEDIA: Abbey of Rievaulx», www.newadvent.org, henta 15. juni 2019 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tautra kloster
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9