Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Szczecin

Szczecin
Oder i Szczecin
Oder i Szczecin
Oder i Szczecin
Flagget til Szczecin Byvåpenet til Szczecin
Flagget til Szczecin Byvåpenet til Szczecin
Motto
«Szczecin jest otwarty»
(Szczecin er open)
Plassering
Szczecin is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Vestpommerske
Grunnlagd
Byrettar
700-talet
1243
Borgarmeister Piotr Krzystek
Geografi
Flatevidd
 - By

301 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Storbyområde

410 809
  1365/km²
777 000
Koordinatar 53°25′0″N 14°35′0″E / 53.41667°N 14.58333°E / 53.41667; 14.58333
Diverse annan informasjon
Postnummer PL-70-017
til 71-871
Telefon-retningsnummer +48 91
Bilnummer ZS
Nettstad: www.szczecin.pl


Szczecin (tysk Stettin, kasjubisk Sztetëno; latinsk Stetinum) er ein by i Polen og hovudstaden i Vestpommerske voivodskap. Han er den sjuande største byen i landet og har den største hamna ved Austersjøen. Byen har om lag 410 000 innbyggjarar.

Szczecin ligg ved elva Oder, sør for Stettiner Haff og Pommernbukta. Byen ligg langs sørvestsida av Dąbiesjøen, på begge sider av Oder, og på fleire større øyar mellom den vestlege og den austlege greina av elva.

Szczecin grensar til Police - ein mindre by ved Oder.

Historie

Hamna i 1910

Byen var i byrjinga hovudsenteret for ei lita vestslavisk stamme som budde mellom hovudgreinene til elvane Oder og Randów. Det er ikkje sikkert om stammen var pommersk eller polabisk. Det er truleg at Mieszko I, som i åra 967-972 erobra Pommern, òg tok kontroll over Szczecin og Wolin. I andre halvdel av 1100-talet slo ei gruppe tyske handelsmenn seg ned i byen, som i 1268 fekk Magdeburgrettar. På den tida var tyskarane den største folkegruppa i byen, medan den slaviske folkesetnaden minka.

Byen vart medlem av Hansaen i 1278, og vart frå 1309 til 1630-åra styrt av det slaviske Gryf-dynastiet. Utover på 1630-talet var byen med omkringliggjande område vorte fullstendig germanisert. Etter at Gryf-dynastiet døydde ut, kom byen under Sverige som hovudstad i Svensk Pommern frå 1648 til 1720. Han vart så ein del av Kongedømet Preussen i 1720, og utvikla seg til å verte den tredje største hamnebyen i Det tyske keisardømet.

Under andre verdskrigen vart byen sterkt råka av dei allierte sine bombetokt og kampar mellom tyske og sovjetiske troppar. Innbyggjarane flykta frå byen før han vart erobra av den raude arméen i 1945. Det var usikkert om byen skulle vere ein del av Tyskland eller verte innlemma i Polen, men vart til slutt polsk i 1946. Ein stor del av den tyske folkesetnaden som kom tilbake til byen etter krigen vart deportert tidleg på 1950-talet. Polakkar som hadde vorte forvist frå tidlegare polske område som vart annektert av Sovjetunionen tok over heimane deira.

Bilete

Personar

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9