Susa
Susa var ein by i oldtidsrika Elam, Persarriket og Partia. Ruinane etter byen ligg ved foten av Zagrosfjella rundt 25 mil aust for Tigris, mellom elvane Karkheh og Dez. Ved staden ligg no den moderne småbyen Shush i Khuzestan i Iran. Susa høyrer til blant dei eldste byane i verda. Arkeologiske utgravingar har vist spor etter bybusetnad her som er rundt 6000 år gamle. Byen var hovudstad i Elam til han blei øydelag av assyrarkongen Assurbanipal i 640-åra f.Kr. Han blei deretter erobra av dei persiske Akamenidane, og gjenreist av Darius den store, som også hadde byen som hovudstad. Susa blei seinare erobra av Aleksander den store og gjort til del av Selevkideriket. Han var viktig fram til 1200-talet. Kjelder«Susa» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
|