Singapore
Singapore er ein by- og øystat i Søraust-Asia som ligg ved sørspissen av Den malaysiske halvøya. Singapore har sjøgrense mot Malaysia i nord gjennom Johorestredet, og mot Indonesia i sør gjennom Singaporesundet. Singapore er ein viktig by for finans og samferdsel i Søraust-Asia. Singapore oppstod som stat i 1965 då det blei skild ut frå Malaya-føderasjonen (resten er i dag Malaysia). Begge områda hadde fram til 1963 vore britiske koloniar. Landet er fleirkulturelt med dei fleste fastbuande innbyggjarane av kinesisk opphav og elles mange av malayisk eller indisk opphav. Rundt 40 % av dei som bur i landet er innvandrarar. KlimaLandet har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen for Singapore er 2415 mm. Singapore er den staten i verda som har flest lynnedslag i året. Bakgrunnsstoff Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Singapore
Kjelder
|