Signy Arctander
Signy Anette Arctander (fødd 26. oktober 1895 i Bergen, død 23. september 1971 i Oslo) var ein norsk statistikar. Ho var dotter av Sofus Anton Birger Arctander. Signy Arctander vart cand.oecon. i 1919 og var sekretær i Statistisk Sentralbyrå frå 1920. Frå 1946 vart ho byråsjef, i 1955-1965 var ho underdirektør og frå 1960 til 1963 var ho konstituert direktør. Ho var på den tida den høgaste plasserte norske kvinnelege tenestemann. Ho skreiv fleire avhandlingar som sosiale emne. Under den andre verdskrigen vart Signy Arctander verva av direktøren i byrået, Gunnar Jahn, til illegalt motstandsarbeid. I 1944 vart ho fengsla og sat på Grini fram til frigjeringa. Ho var medlem av Statens lønskomité av 1946 og av Likelønskomiteen av 1949. Ho sat i tillegg som norsk representant i Nordisk ekspertkommisjon for samordning av lønsstatistikken, var styremedlem i Norsk forening for sosialt arbeid og Norsk statistisk forening. I 1966 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Verk
Kjelder
|