Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Separator

Handseparator på museum i Finland.
Skisse av ein Westfalia-separator for separering av mjølk på garden

Ein separator er eit apparat som ved hjelp av sentrifugalkraft skil to væsker som ikkje er løyselege i kvarandre, til dømes olje og vatn. Ordet separator kjem frå latin separo som tyder 'skilje'.

Separering av mjølk

Snitt-teikning av Westfalia-separator, ca. 1935

Separatoren blir mellom anna brukt til å skilje fløyte frå mjølk. Skummamjølka har større tettleik enn fløyten og vert kasta mot ytterkanten, slik at fløyten vert pressa inn mot sentrum. I dei første separatorane måtte fløyten skummast av for hand. Den kontinuerlege separatoren vart konsturert i 1878 av L.C. Nielsen i Danmark og Gustaf de Laval i Sverige, som fann han opp uavhengig av kvarandre. Separatoren vart forbetra fram mot 1890 med separatorkula (Alfa-innsatsen), som var kjernen i Alfa-Laval-separatoren. Separatorkula har ein stabel tynne skåler med små mellomrom, desse roterer i sentrifuga og skil fløyten frå skummamjølka. Framstilling av separatorar vart storindustri i Sverige, og Alfa-Laval vart den største produsenten. Andre store produsentar var tyske Westfalia og Diabolo.

Separering på gardane

Krona med skruven som justerer feittinnhaldet i fløyten. Fabrikkinnstilling gjev 12 % feitt.

Ein handriven separator har kapasitet på frå 100 til 600 liter mjølk for timen. Mjølka bør vere kuvarm eller lydd til vel 30 ˚C før ho blir helt i bollen. Så kan ein starte sveivinga, og ei bjølle gjev lyd om farten er for låg eller for høg. Når farten er rett, opnar ein slik at mjølka renn ned gjennom kula. Etter kort tid kjem fløyten ut av ein tut og skummamjølka ut av ein annan. Feittinnhaldet i skummamjølka vert større om mjølka er kald. Feittinnhaldet i fløyten kan regulerast med ein skrue på separatorkrona.

Mot hundreårsskiftet var separatoren folkeeige i det norske landbruket, og i 1939 var det kring 125 000 separatorar i landet. I vår tid skjer nesten all kommersiell foredling av mjølk på meieria, men det finst nokre få gardar som leverer smør til meieriet eller har produksjon av mjølkeprodukt for sal frå garden.

Kjelder

  • Westfalia, brukarhandbok for separator (ca 1935)
  • Kunnskapsforlaget, Store norske leksikon
  • Svensk Wikipedia
  • Inge Krokann: Det store hamskiftet i bondesamfunnet, Det norske samlaget, 1976.

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9