Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Rovpattedyr

For «rovdyr» i tydinga «predator», sjå predasjon.
Rovpattedyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Bowdich, 1821
Malaybjørn er eit asiatisk rovpattedyr.
Kvalross er eit polart rovpattedyr.

Rovpattedyr eller rovdyr (Carnivora) er ein orden av pattedyr[1] som hovudsakleg jagar og et andre dyr. Det finst om lag 260 slag rovpattedyr. Alle stammer frå eitt dyreslag, kalla Miacis, som levde for om lag 50 millionar år sidan. Dei har liknande hovudform, rundt med ein kjegleforma snute og tydelege hjørnetenner og rovtenner.

Tidlegare pleide ein å dela rovpattedyra inn i to underordenar, Fissipedia, eller dei som stort sett levde på land, og Pinnipedia, av kjøtetande havpattedyr. Nyare klassifiseringssystem som ser meir på det genetiske slektskapet mellom dyra har delt dei inn i to nye grupper, katteaktige rovpattedyr (Feliformia) og hundeaktige rovpattedyr (Caniformia).

Dei fleste rovpattedyra er som sagt kjøtetarar, men mange kan òg ta til seg annan kost.[2] Kjempepandaen et berre plantar. Fordelen med å eta kjøt er at dei utnyttar ei nisje av næringsrike bytte. Ulempa er at å fanga og drepa desse dyra krev mykje energi. Rovdyra må altså alltid vurdera om det å jaga eit byttedyr vil føra til at det vinn eller tapar energi.

Det er ganske sjeldan at rovdyr jagar andre rovdyr. For det første finst det alltid færre kjøtetarar enn planteetarar i eit område, og for det andre er rovdyr utstyrte til å forsvara seg. For mange rovdyr kan sjølv små skader vera livstrugande, ettersom dei hindrar dyra frå å jakta.

Oversyn over rovpattedyra

Oversyn over artsgrupper på familienivå:

Kjelder

Fotnotar
  1. «Orden Carnivora». Artsdatabanken. Henta 26. mai 2018. 
  2. Kjetil Bevanger. «Rovpattedyr Carnivora». Artsdatabanken. Henta 26. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Rovpattedyr
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9