Riksveg 4
Riksveg 4 (Rv4) er ein riksveg som er ein av hovudvegane nordover frå Oslo. Vegen går gjennom Nittedal, Hadeland og Toten til Mjøsa. Vegen er skilta som stamveg frå Sinsenkrysset til Mjøsbrua. Med utgangspunkt i Europaveg 18 ved Bispelokket i Oslo sentrum går vegen nordaustover via Nylandsveien og Sars gate til Carl Berners plass. Derfrå føl Riksveg 4 på Trondheimsveien og fortset via Sinsenkrysset og gjennom Groruddalen til Gjelleråsen der han møter Riksveg 22. Derfrå går vegen nordover gjennom Nittedal og Hakadal, forbi Harestua langs vestsida av Harestuvatnet og vidare gjennom Grua, Roa, Gran og Jaren. Frå Jaren går vegen nordaust til Lygna der han møter Riksveg 180. Derfrå går vegen nordover til Einavoll, langs austsida av Einavatnet til Eina, gjennom Reinsvoll til Raufoss og vidare til Gjøvik. Frå Gjøvik går vegen langs vestsida av Mjøsa til Mjøsbrua ved Moelv der han går inn på Europaveg 6. Kommuner og knutepunkterLillehammervegen
Utan namn
Utan namn
Einavegen
Utan namn
Hadelandsvegen
Utan namn
Hadelandsveien
Prosjekt Fossumdiagonalen, beskrivelse
FramtidI OsloDen største endringa som vert er at Trondheimsveien (på Oslo-sida) i framtida i all hovudsak ikkje lenger vil vere ein del av Riksveg 4. Riksveg 4 vil framleis gå frå Bjørvika til Gjelleråsen på Oslo-sida, men i andre trasear enn i dag. Dette vil primært skje med å føre trafikken inn på Riksveg 163 og lage ein ny tunnel frå Økern til Bjørvika. Utanfor ring 3 [2]: Fossumdiagonalen ved Grorud skal føre trafikk frå Trondheimsveien til Riksveg 163:Østre Aker vei. Byggestart 2010, ferdigstilling 2013. Østre Aker vei vert både Riksveg 163 og Riksveg 4, og skal oppgraderast for å ta imot større trafikkmengder. Innanfor ring 3: Sidan Riksveg 163/Østre Aker vei ender ved Økern-krysset vil det kunne verte mindre trafikk på denne strekka av Rv4. Langt fram i Oslopakke 3 er det også vedteke ein ny tunnel frå Bjørvika-området (Nord for Oslo S) til Økern. Samtidig sør for Oslo S i Bjørvika vil Europaveg 18 verte lagd om frå 2010, og Rv4 vil difor ikkje kunne kople seg til denne lenger. Dette vil også kunne redusere trafikkmengenda på Rv4 i Oslo Sentrum. Utanfor OsloDet er planar om å byggje firefelts motorveg mellom Roa og Jaren[3]. BakgrunnsstoffDenne artikkelen er ei omsetjing av «Riksvei 4» henta frå Wikipedia på bokmål 24. september 2008. Der vart desse kjeldene gjevne: Referansar
Bakgrunnsstoff |