Porsanger kommune
Porsanger (nordsamisk Porsáŋggu gielda, kvensk Porsangin kommuuni) er ein kommune i Finnmark fylke. Kommunen er den tredje største i Noreg. Han grensar i nordvest mot Hammerfest og Måsøy, nord mot Nordkapp, i aust mot Lebesby, i sør mot Karasjok, og i vest mot Alta. Han heitte Kistrand kommune fram til 1964, og var del av Finnmark fylke fram til 2020. Porsanger er den einaste offisielt trespråklege og trekulturelle kommunen i Noreg, med nordsamisk, kvensk og norsk som offisielle språk. Største tettstad og kommunesenter er Lakselv, som ligg inst i Porsangerfjorden. Mindre bygder ligg langs fjorden på båe sider, med Kistrand, Olderfjord, Børselv og Billefjord som dei viktigaste. I innlandet, langs E6 mot nabokommunen Karasjok finn ein Porsangmoen, med Garnisonen i Porsanger, og Skoganvarre. Stabbursdalen nasjonalpark ligg vest for Porsangerfjorden. Lokalaviser i kommunen er Finnmark Dagblad og Ságat. Plante- og dyreliv: Valdak [eller Váldatjeaggi ] på Stabbursnes er eit kjent hekkeområde.[1] Tettstad i kommunen
FolketalsutviklingFolketalsutvikling for Kistrand/Porsanger kommune frå 1920:
Sjå ogsåFotnotar
Bakgrunnsstoff |