Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Pinserørsla

Pinsekyrkja Filadelfia i Bodø.

Pinserørsla er ei felles nemning for ei verdsfemnande kristen rørsle av sjølvstendige kyrkjesamfunn og kyrkjelyder som legg særs stor vekt på det som vert kalla bibeltru kristen lære, det vil seie bokstavleg tolking av Bibelen som Guds eigne ord, og som byggjer mykje av sin religiøse praksis på skildringa i boka Apostelgjerningane i Bibelen av den dåpen i Den heilage ande som skjedde pinsedagen i Jerusalem, då læresveinane mottok Den heilage ande som eld frå himmelen ti dagar etter Jesu himmelferd. Pinserørsla gjer aktivt bruk av dei såkalla nådegåvene som Den Heilage Ande gjev dei truande i form av til dømes evne til tungetale (det vil seie å frambringe heilt eller delvis uforståelege språklege lydar under ein slags religiøs ekstase), profeti og læking av sjukdomar og lyter ved bøn. Rørsla held seg til truandedåp (det vil seie dåp av dei som medvite har valt å verte døypt), som går føre seg ved at vedkomande vert dukka heilt ned i vatnet.

Pinserørsla har opphav i USA på byrjinga av 1900-talet, og spreidde seg snøgt ut over USAs grenser. Rørsla vart introdusert i Noreg og resten av Skandinavia av den norske, engelskfødde metodistpresten Thomas Ball Barratt etter at han hadde opplevd Heilagandens dåp i New York i 1906. Den svenske baptistpresten Lewi Pethrus kom òg til å spele ei stor rolle for utbreiinga og utviklinga av pinserørsla i Skandinavia.

Medlemene av pinserørsla vert ofte kalla pinsevenar. Tidlegare kunne medlemane dessutan verte kalla lesarar av di dei legg stor vekt dagleg bibellesing.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Pinserørsla
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9