Pål Benum
Pål Sverre Benum (fødd 3. august 1935) er ein professor i medisin og tidlegare langdistanseløpar frå Verdal. Benum er spesialist i ortopedi og arbeidde i mange år på ortopedi-avdelinga ved St. Olavs hospital i Trondheim. Åra 1962-64 vann han tre norske meisterskap på langdistansane 5000 m og 10000 m. MedisinBenum studerte medisin ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. I 1974 avla han den medisinske doktorgraden. Frå 1982 var han professor ved Det medisinske fakultet ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Han var sentral i oppbygginga av Ortopedisk avdeling ved universitetssykehuset St. Olavs Hospital. Benum vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2006. IdrettBenum markerte seg i nasjonal friidrett i 1958-sesongen då han sette personleg rekord med 3.50,6 på 1500 meter. Gjennom 1959 flytta han den personlege rekorden til 3.47,6 og blanda seg inn i norsktoppen på 5 000 m med tida 14.29,2. I 1961 forbetra han seg til 14.18,6 då han vart nummer fire og beste nordmann i den nordiske meisterskapen i friidrett på Bislett stadion i Oslo. Sesongen 1962 vart Benum norsk meister på 5 000 m og flytta persen ned eitt sekund til 14.17,6. På 10 000 m hadde han stor framgang, med 29.54,2 forbetra han seg med eit halv minutt på distansen. Året etter flytta han dei personlege rekordane til 14.12,6, oppnådd i Bergen, og til 29.47,6, prestert i Helsinki, den beste tida i Noreg det året. I OL-sesongen 1964 sette Benum i Stockholm sin endelege personlege rekord på 5 000 m med eit løp på 14.06,6. Den 2. september 1964 gjorde han sitt livs sterkaste milløp då han på Bislett stadion fylgde Odd Fuglem nesten heile vegen i eit løp som gjekk i eit tempo langt under norsk rekord. Fuglem sin nye milrekord kom til å lyde på 29.09,4, Benum vart klokka inn på 29.13,6. Dermed fekk begge billett til Sommar-OL 1964 i Tokyo, der Benum vart nummer 19 på 10 000-meteren. Han la opp etter 1965-sesongen. Medaljar i norske meisterskap
Kjelder
|