Ola Morten Græsli
Ola Morten Græsli (fødd 11. april 1980) er ein norsk tidlegare kombinertrennar og skihoppar frå Tydal og som representerte Tydal I.L. Han vart som best nummer to i eit verdscuprenn i desember 2005, og fekk med seg to sølvmedaljar og to bronsemedaljar frå to ulike noregsmeisterskap. KarriereGræsli representerte Noreg i VM 2003 i Val di Fiemme. Der vart han nummer sju i halvprogrammet, og han deltok på det norske laget som enda på fjerdeplassen i lagkonkurransen. I verdscupen oppnådde Græsli som best ein andreplass, i Ramsau i Austerrike den 18. desember 2005. Etter eit langrenn over 7,5 km skilde det eitt sekund mellom dei fire beste i tevlinga. Norske Magnus Moan sigra, medan Græsli slo franskmannen Jason Lamy-Chappuis og tyskaren Georg Hettich i spurten med høvesvis eitt og to tidels sekundar. Græsli hadde elles to andre pallplasseringar i verdscupen, begge tredjeplassar ei helg i Holmenkollen i mars 2003. Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|