Nesset kommune
Nesset kommune er ein tidlegare norsk kommune i Romsdal i Møre og Romsdal fylke som eksisterte frå 1838 til 2020. Kommunen grensa til Rauma i vest, til Gjemnes og Molde i nordvest, til Sunndal i aust og til Lesja i Oppland fylke i sør. I nord grensa han mot Tingvoll kommune på nordsida av Sunndalsfjorden. HistorikkNesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837. 1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[1] 1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[1] Nesset blei slegen saman med Molde og Midsund til nye Molde kommune 1. januar 2020.[2] KyrkjerDet var tre kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje og Nesset kyrkje i Eidsvåg. FolketalsutviklingFolketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:
Folk knytte til Nesset kommune
Bilete
Kjelder
Bakgrunnsstoff |