Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Mo i Rana

Mo i Rana
stad
Mo i Rana
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rana
Areal 12,9 km²
Folketal 18 755  (2023)
Folketettleik 1 454 / km²
Postnummer 8600 MO I RANA
Preposisjon Mo i Rana
Ferdselsårer Mo i Rana Mo i Rana
Nordlandsbanen
Kart
Mo i Rana
66°19′00″N 14°10′00″E / 66.316666666667°N 14.166666666667°E / 66.316666666667; 14.166666666667
Wikimedia Commons: Mo i Rana

Mo i Rana (sørsamisk Måefie) er ein by i Rana kommune i Nordland. Han er den fjerde største byen i Nord-Noreg. Mo hadde status som ladestad frå 1923 til 1964, og har hatt bystatus frå 1997.

Mo i Rana ligg inst i Ranfjorden, like sør for Saltfjellet og Polarsirkelen. Mo vart tidlegare omtala som «Jernverksbyen». Då Norsk Jernverk vart nedlagd i 1988, gjekk byen gjennom ei omfattande omstilling, og byen vert no marknadsført som «Polarsirkelbyen».

Geografi

Jernbanestasjonen for Nordlandsbanen ligg ved fjorden, går gjennom byen og deler byen i to. Stasjonen vart opna i mars 1942. På sjøsida ligg den gamle bydelen på Moholmen i tillegg til eit område som på 1990-talet vart fylt ut og bygd ut med hotell, Statens Innkrevingssentral, TAG systems, treningssenter og bustadar. På den andre sida av jernbanen ligg «jernverksbyen» sitt sentrum, med kjøpesentra, rådhus og gågater. Det er vegsamband vidare nordover over Saltfjellet til Fauske og Bodø, og sørover til Mosjøen og Trondheim, mot vest til Nesna, mot aust over Umbukta til Sverige. Det ligg ein flyplassRøssvoll, kring 13 km fra sentrum.

Kultur

«Havmannen» er Ranas eigen ‘lille havfrue’, ein del av Skulpturlandskap Nordland, laga av Antony Gormley og avduka 6. mai 1995.

Kjende ranværingar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9