Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Marcus Thrane

Marcus Thrane
Marcus Møller Thrane

Marcus Thrane som ung
Fødd14. oktober 1817
Christiania
Død30. april 1890 (72 år)
Statsborgar avNorsk
YrkeLærar, publisist, pressemann,
politisk reformator og fotograf
EktefelleJosephine Thrane

Marcus Møller Thrane (fødd 14. oktober 1817 i Christiania, død 30. april 1890 i Wisconsin i USA)[1] var ein norsk sosialistisk agitator, lærar, publisist, pressemann og fotograf. Han er mest kjend for å ha tufta thranittarrørsla, den første arbeidarrørsla i Noreg.

Biografi

Marcus Thrane vart fødd 14. oktober 1817 i Christiania. Han hadde ein solid overklassebakgrunn, men vart foreldrelaus allereie som femtenåring. Fem år seinare la han ut på ei lengre reise i Europa (hovudsakleg Frankrike) der han truleg vart inspirert av fleire før-marxistiske sosialistiske tenkjarar. Attende i Noreg tok han til å studera teologi, før han tok til som lærar frå 1841.

I august 1848 overtok Thrane redaksjonen av avisa Drammens Adresse, men dei radikale synspunkta han forfekta bidrog til at han vart oppsagd allereie tidleg året etter. På dette tidspunktet hadde han allereie skipa den første av arbeidarforeiningane som skulle verta thranittarrørsla, noko som skjedde 27. desember.

Med Arbeiderforeningernes Blad, som Thrane starta opp i mai 1849, skaut rørsla verkeleg fart, og det vart frå statleg hald gjort fleire forsøk på å pasifisera både ho og Thrane sjølv. Den 7. juli 1851 vart heile leiarsjiktet til thranittarane arrestert, og etter ei lang og hard rettsprosess vart Thrane fengsla i april 1854. Likevel klarte han å halda fram drifta av bladet heilt til 1856.

Då Marcus Thrane slapp ut i 1859 låg rørsla med broten rygg. Etter nokre fåfengde forsøk på å atterreisa ho flytta han til USA i 1863, der han vart ein viktig figur m.a. i sosialistmiljøet i Chicago.

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9