Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Marcus Jacob Monrad

Marcus Jacob Monrad

Fødd19. januar 1816
Nøtterøy kommune
Død30. desember 1897
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, teolog, filosof
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnOlaf Peder Monrad
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Norske Videnskaps-Akademi

Marcus Jacob Monrad (19. januar 181630. desember 1897) var ein norsk teolog og filosof. Han var professor i filosofi ved Universitetet i Christiania frå 1851 til han døydde. Han var til Peder Monrad.

Monrad vart fødd på Nøtterøy i Vestfold, men voks opp på Mo i Telemark (ligg i noverande Tokke kommune.) Monrad tok teologisk embetseksamen i 1840, og vart i 1845 utnemnd til lektor i filosofi ved Universitetet i Christiania. Han skreiv fleire av lærebøkene til «Annen-eksamen», brukt under store delar av embetsmannstatens periode. Mellom dei var Philosophisk Propædeutik (første utgåve 1849), Psychologie (første utgåve 1850) og Ethik (første utgåve 1851). Monrad gav også ut Tankeretninger i den nyere tid i 1874 og Æsthetik i 1889–90. Jamsides universitetsarbeidet var Monrad i lang tid ein aktiv litteraturkritikar.

Jens Arup Seip meiner Monrad stod for eit heilt anna filosofisyn enn A. M. Schweigaard, J. S. Welhaven og Intelligenspartiet. Der desse var sterkt kritisk til den tyske idealismen, var Monrad ein tilhengar av retninga. Ifølgje Rune Slagstad deler likevel både Monrad og Welhaven eit «filosofisk fellesskap» i den tyske idealismen, og «det var ved denne filosofi de integrerte romantikkens ekspressive revolusjon i embetsmannsstatens ideverden.»[1]

Welhaven og Monrad stod bak ein overgang «fra individualetikk til samfunnsetikk, fra moralitet til sedelighet, og fra Kant til Hegel», ifølgje Rune Slagstad. Samfunnsinstitusjonane oppfatta dei som «kroppsliggjøringen» av fellesskapet sine normer.

Politisk var Monrad ein innbiten motstandar av parlamentarismen; han meinte den var eit konstitusjonelt tilbakesteg. Samstundes var han sterkt unionsvennleg. Tida hans som skandnavist var med å gjere han nokså pro-svensk. Til dette kom at han i prinsippet var tilhengar av føderasjonstanken; han meinte at unionen mellom Noreg og Sverige hadde vore eit steg i rett retning i internasjonal organisasjon.

Kjelder

  1. Rune Slagstad, Najonale strateger

Litteratur

  • H. O. Christophersen: Marcus Jacob Monrad. Et blad av norsk dannelses historie i det 19. århundre Oslo 1959
  • Rune Slagstad: De nasjonale strateger 2001, ISBN 82-530-2336-7
  • Trude Evenshaug: Monrad og den offentlige mening. En lesning av filosofen M. J. Monrads deltakelse i det offentlige ordskiftet 1845-1891 2006, ISSN 1501-8962

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Marcus Jacob Monrad
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9