Lars Holst
Lars Kristian Holst (22. november 1848–31. mai 1915) var ein norsk journalist, redaktør i avisa Dagbladet og aktiv Venstre-mann i dei siste tiåra før og etter 1900. Holst var son til ein «Overstuver» i Bergen. Sjølv vart han cand.jur. frå Universitet i Kristiania i 1871. I studietida var han med i krinsen rundt nynorskbladet Ferdamannen og i 1872 skreiv han i bladet Fram, som Olaus Fjørtoft gav ut. Han flytta tilbake til Bergen og var tilsett i Bergens Tidende frå 1873 til 1883. I 1883 tok han over som sjefredaktør i Dagbladet i Kristiania, ei stilling han hadde fram til 1898. Frå denne posisjonen tok han aktivt del i partipolitikken i Noreg. Frå 1898 var Holst justissekretær ved Kristiania byrett. Samstundes heldt han fram den politiske verksemda, mellom anna som teaterkritikar og politisk skribent i Stavanger Aftenblad. I treårsperioden 1900-03 var han formann i partiet Venstre. Holst var ei tid gift med Fernanda Nissen. Han døydde i Oslo i 1915. Kjelder
|