Kirkenær
Kirkenær er ein tettstad og administrasjonssenteret i Grue kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden ligg ved riksveg 2 og Solørbanen, om lag 37 km nord for Kongsvinger, og har 1 216 innbyggjarar per 1. januar 2023. Kirkenær har vakse fram som tenest- og handelssenter for store delar av Solør-distriktet. Staden har mølle og kornsilo og industri innan trevyrke, elektronikk, jarn- og metallvarer. Gruetunet museum er eit friluftsmuseum med avdeling som viser finnekulturen i Sør-Noreg. Grue kyrkje frå 1828, vart restaurert i 1976. Ved kyrkja står ein minnestein over dei 122 omkomne etter kyrkjebrannen 1. pinsedag 1822, den største kyrkjebrannen i Noregs historie.[1] Glamox Luxo er ei hjørnesteinsbedrift på staden som produserer armbaserte lampar.[2] Bilete frå Kirkenær
Sjå ògReferansar
|