Hudsonelva
Hudsonelva (engelsk Hudson River, mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609. Kjelda til elva er Tear-of-the-Clouds-sjøen i Adirondackfjella. Ved Albany renn Mohawk-elva saman med henne, og deretter renn ho nesten rett sørover til ho munnar ut i Atlanterhavet mellom Manhattan i New York og New Jersey. Eriekanalen, som blei opna den 26. oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til Atlanterhavet. Kjelder
|