Hattfjelldal
Hattfjelldal (sørsamisk Aarborte) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hattfjelldal kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg der elva Vefsna tar opp Elsvasselva, som renn frå Elsvatnet, og dreier mot vest. Han er den einaste tettstaden i kommunen og har 522 innbyggjarar per 1. januar 2023. I Hattfjelldal ligg hovudkontor og det viktigaste produksjonsanlegget for Arbor-Trading A/S, som var grunnlagt i 1957 og er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen. På tettstaden ligg også ein sørsamisk internatskole og det sørsamiske kultursenteret Sijti Jarnge. I sentrum står Hattfjelldal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1868.[1] Hovudvegsambandet gjennom Hattfjelldal er riksveg 73, som går frå E6 ved Trofors i Grane kommune via Hattfjelldal tettstad over riksgrensa til E12 ved Västansjö like vest for Tärnaby i Sverige. Frå tettstaden følgjer fylkesveg 804 Susendalen om lag 23 kilometer sørover til Ivarrud. Herfrå går fylkesveg til Susendalskroken og kommunal veg vidare til Harrvassdal.[2] Like sør for Hattfjelldal tettstad ligg ein liten flyplass, Hattfjelldal flyplass.[1] Sjå ògKjelder
|