HandveskeEi handveske er ei mindre veske til å bere i handa.[1] Forma og utsjånaden til handvesker har endra seg mykje med moten, og det er blitt utvikla luksusutgåver av dei. Storleiken kan variera frå mikrovesker til kjempevesker. HistorieEit tidleg døme på ei veske som kan kallast ei handveske er ei kvinneveske frå Irak frå 1300-talet. Veska er laga av messing med inkrustering av gull og sølv, og er den einaste ein kjenner til i sitt slag.[2][3] Ho kan ha vore laga for ei adelskvinne frå det mongolske Il-Khanid-dynastiet (1256-1353).[4] Veska blei truleg boren for kvinna av ein tenar.[5] Elles har ein i mange drakttradisjon brukt lause lommar eller vesker som ein kunne henga i beltet.[6] Japansk inro, norsk bunadveske og skotsk sporran er døme på dette. På 1700-talet endra den europeiske kvinnemoten seg til å ha ein slank, straumlinjeforma figur som ideal. Vesker hengande i livet passa ikkje inn i denne. I staden kunne ein ha ein pompadur ved handleddet. Desse kunne vera av fløyel eller silke og vera fint dekorerte.[7] Menn byrja i staden å få innsydde lommar i buksene.[8] Mot slutten av 1800-talet blei det vanlegare for kvinner å halda eigedelane sin samla og skjulte i ei veske når dei var ute i det offentlege. Dette kunne symbolisera fridom og sjølvstende for dei, på same måte som større vesker med skulderreimer gjorde det for kvinner tidleg på 1900-talet.[6] Galleri
Mote- og samleobjektHandvesker kan vera ein del av eit mote-ensemble, og lagast i ei rekkje ulike typar skinn, tekstil eller kunststoff. Dei kan pyntast med saum, broderi, perler, edelsteinar og liknande. Frå 1920-talet laga gullsmedar som Cartier luksusvesker med diamantar, rubinar, safirar, smaragdar og perler.[6] Handvesker kan vera ettertrakta luksusgjenstandar med høge prisar. Dette gjeld til dømes Birkin-veska frå motehuset Hermès.[10] I 2018 selde auksjonshuset Christie’s eit eksemplar av ei slik veske, som avbilda Himalaya og var pynta med kvitt gull og diamantar, for 267 500 britiske pund.[11] Galleri
Kjelder
|