Hammaren i øyretHammaren (av latin malleus «hammar») er ein liten hammarforma knokkel og den ytste av dei tre høyreknoklane i mellomøyret[1] som koplar til ambolten og er festa til den indre overflata på trommehinna. Han overfører vibrasjonar frå trommehinna til ambolten.[2] Struktur
Hammaren er eit lite bein i mellomøyret. Det er den fyrste av dei tre høyreknoklane og er samanknytt med trommehinna. Hammarhovudet (caput malei) er den lange utstikkaren som koplar til ambolten. Hovudet koplar til hammarnakken (collum mallei), og beinet går vidare til hammarskaftet (manubrium mallei) som koplar til trommehinna. Mellom nakken og skaftet finn ein dei laterale (sideliggande) og anteriore (fremre) framspringa som kjem ut av beinet.[3] :862 Hammaren er unik for pattedyr og blei utvikla frå det nedre kjevebeinet (os articulare) hjå basale amniotar, som framleis dannar kjeveleddet hjå reptilar og fuglar.[4] UtviklingHammaren oppstår embryologisk frå den fyrste gjellebogen saman med resten av tyggebeina, nemleg underkjeven og overkjeven. FunksjonUtdjupande artikkel for dette emnet er Høyrsle. Hammaren er ein av tre høyreknoklar i mellomøyret som overfører lyd frå trommehinna til det indre øyret. Hammaren tek imot vibrasjonar frå trommehinna og sender desse til ambolten.[3] :862 Fleire bileteSjå ògKjelder
Bakgrunnsstoff
|