Guangzhou
Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved kysten mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao. Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina. Den økonomiske veksten i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao har vore kraftig. Den økonomiske veksten i byen var til dømes 6,5 % i 2018.[2] Dei største eksportmessene i Kina finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten. HistorieBusettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. Under Qin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturet Nanhai ('Sørhavet'). Under Han-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmet Nanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for «havets silkeveg». Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som til India og Arabia. Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet «Friedericus Rex Sueciae» kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732. KulturGuangzhou var tidlegare kjend som «Kanton» i Vesten, og dette har gjeve opphav til fleire nemningar: Det kinesiske språket kantonesisk som blir tala i området og er morsmål for rundt halvparten av innbyggjarane i byen,[3] og kantonesisk mat, ein hovudretning innan kinesisk matlaging som byen lenge var hovudsete for. StyresmakterLeiaren for lokalavdelinga av Kinas kommunistparti er Zhang Shuofu, og borgarmeisteren er Wen Guohui (2020). Kjelder
Bakgrunnsstoff Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Guangzhou
|